SPANANDE LANGTUR I OSLOFJORDEN

 

Andreas A. Osnes

1 turforslag 

Om du har ein dag å setje av, er dette ei rute som tar deg frå den urbane gryta i Oslo til den luftige Oslofjorden sine små maritime perler. Her kan du få sjå nyfikne selar, vare rådyr, og enorme skip på nært hald.

Start på Sørenga og dra mot vest til Bygdøyneset. Her padlar du langs land til Dyna fyr. Følg med på trafikken. Frå Dyna går du mot Snarøya, sikt på den gamle sjøflyhamna, eller Telenor-bygget. Eit fint strekk å eksperimentera med senkekjølen på. Ved Snarøya ligg du langs land mot Vassholmene, gå mellom desse. Her kan du ta deg ein pause om du vil, eller berre ligge inntil flytebrygga for å sjå på kartet. Frå Vassholmene er det enkelt å peike ut Gåsøya, det er den som ligg lengst ut i fjorden. Du kan enten gå via Ostøya, eller kryssa rett over frå Vassholmene. Finn deg ein triveleg stad på Gåsøya for å ta hovudpausen. Sjå etter rådyr.

Frå Gåsøya kryssar du Oslofjorden over til Nesodden. Her kan du leike deg i hekkbølgjene til dei større skipa, men vis respekt for dei. Legg deg langs land mot Nesoddtangen. Stikk innom den lille moloen ved Flaskebekk for å kvile om du vil. Ved Nesoddtangen må du sjå etter Nesoddbåten og Lysakerbåten før du kryssar fergeleiet. Frå her kjem den lengste kryssinga mot Langøyene. Sett kursen mot det kvite DNT-huset, rekn om lag 40 min til kryssing. På Langøyene bør du ta deg ein rask kvil etter kryssinga, spis ei bolle, gå på do. Frå Langøyene kan du sjølv velje kva rute du vil ta attende til Sørenga.

 

Type: Padletur

Lengde: Ca. 52,4 km tur/retur

Varighet: 6 timer+

  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her

Gradering: Middels+

  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her

Område:

OslofjordenOslomarka

HØYDEPROFIL

0,0 km10,0 km20,0 km02040600 moh.

Høydekurven og kartet viser turen én vei. Totalt er turen ca. 52,4 km tur/retur.

ADKOMST

Friluftshuset på Sørenga når du best med sykkel. Ikkje rekn med å finna parkeringsplass.

ADKOMST MED KOLLEKTIVTRANSPORT

Det greiaste er å kome seg til Operaen, å gå herifrå.

VEIBESKRIVELSE FRA GOOGLE MAPS

La Google Maps vise deg veien frem. Du kan bruke den posisjonen du har nå, eller skrive inn stedsnavnet du reiser fra.

Fra min posisjon

eller

Fra sted

Denne tjenesten leveres av Google Maps. UT.no har ikke ansvar for innhold eller tjenester levert av eksterne aktører.

Sist oppdatert: 21.04.2018

Spanande langtur i Oslofjorden av Andreas Arnøy Osnes. Tilgjengelig under en CC BY-SA 4.0 lisens.