UTSOLGT! 😊
Billettar konsert 1 - 18.00:
https://rysstad.hoopla.no/sales/draumkvedet9
Billettar konsert 2 - 19.30:
https://rysstad.hoopla.no/sales/draumkvedet10
Eit visjonsdikt, og ei røyst.
No er tida snart inne for å framføre Draumkvedet i mausoleumet att. Trettande dag jol 2019 har du sjansen til å bli med Olav Åsteson på hans dramatiske ferd gjenom dødriket, og markeringa av 5 års jubileumet for Draumkvedkonsertane i Emanuel Vigeland Museum. Og kva betre ramme kan eit visjonsdikt frå mellomalderen ha enn Vigelands dramatiske «fresker» og kvedaren Kim Rysstad si røyst.
Velkomen skal du vere!
KORT OM DRAUMKVEDET: Draumkvedet er eit norsk visjonsdikt, sannsynlegvis frå slutten av middelalderen. Det handler om Olav Åsteson som fell i djup svevn jolekvelden, og han vaknar ikkje før trettandedag jol. Då rir han til kyrkjes, der han set seg i kyrkjedøra å fortel «draumane mange». Du som lydar får take del i ei mektig skildring av kampen mellom dei gode makter, ført av «sankte såle-Mikkjel», og dei onde, som kom nordfrå og vart leia av Grutte Gråskjeggje, dvs. Djevelen. Det religiøse innhaldet er delvis i fullt samsvar med katolsk lære, delvis å forstå som ein mer folkeleg oppfatning av synd og straff og barmhjertighet.
PRAKTISK INFO: Konserten tek omlag 40 minutt. Det anbefalast å kle godt på seg, evt ha med ullpledd, då det kan vere særs kaldt i mausoléumet i januar. Ankomst: T-bane nr. 1 Frognerseteren til Slemdal stasjon. 7 min. gange. Buss nr. 46 til Grimelundsveien. 5 min. gange