Tilbake til alle arrangementer

Den norske sjukdommen. Anne Kveim Lie om radesjuken

  • Henrik Ibsens gate 110 (kart)

Radesjuken er ein ukjend sjukdom for dei fleste i dag, men på 1700-talet var den Noreg sitt største helseproblem. Sjukdomen var ikkje kjend frå andre stader og fekk difor tilnamnet «den norske». Radesjuken sine herjingar gjorde at det blei oppretta 16 sjukehus rundt om i landet, og desse danna grunnlaget for det moderne sjukehusvesenet. På 1800-talet var radesjuken på retrett, men eitt spørsmål står likevel att: Kva var eigentleg radesjuken?

Anne Kveim Lie er utdanna lege og idéhistorikar og fyrsteamanuensis i medisinsk historie. Ho skriv om radesjuke i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.

Arrangementet er ein del av serien «Norsk medisinhistorie»:
På 1700-talet var ikkje Noreg ein sjølvstendig nasjon, men vi hadde like fullt vår eigen sjukdom: radesjuken. Ein sjukdom vi framleis ikkje veit kva var, sjølv om han var rekna som dåtida sitt største helseproblem. På same tid var kirurgar synonymt med barberarar, og det var fyrst på slutten av 1800-talet at du kunne rekne med å få bedøving under ein operasjon. Dette var ei tid då det å bli innlagt på sjukehus var ei risikabel affære, og utbreiinga av syfilis gjorde at naselause individ ikkje var eit uvanleg syn på gata.

På berre hundre år forandra alt seg. Vi gjekk frå brutale sjukdomar til pleie, smertelindring og læking under hygieniske forhold. Denne våren gjev Nasjonalbiblioteket ut boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie. I høve dette inviterer vi nokre av boka sine bidragsytarar til å fortelje om dei framstega og feilskjera som har lagt grunnlaget for moderne medisin i Noreg.

26. februar: Frå mystikk til mekanikk. Wasim Zahid om hjartemedisinen si historie i Noreg
6. mars: Hurtigkirurgi og bartskjerar, morfinsprøyter og etergass. Egil A. Fors om smertemedisinen si historie i Noreg
12. mars: Reinsinga sitt organ. Mina Adampour om levra si medisinske historie i Noreg
19. mars: Den norske sjukdomen. Anne Kveim Lie om radesjuken
9. april: Ei natt med Venus, eit liv med Merkur. Ellen Støkken Dahl om syfilis