Tilbake til alle arrangementer

Min metode: Agnes Ravatn

  • Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO Uranienborgveien 2, 0258 Oslo Norway (kart)


Korleis arbeider ein sakprosaskribent? I vår samtaleserie Min metode får du innsyn i skrivekvardagane som fører fram til ferdig bok. Få med deg siste arrangement i Min metode-serien der Agnes Ravatn samtalar med Marte Michelet om essay og humor. 
Gratis adgang!

Min metode er eit NFF-konsept der ti høgt akta sakprosaforfattarar og -omsetjarar avslører skrivemetoden sin. I NFFs lokale i Uranienborgvegen 2 i Oslo kjem Agnes Ravatn nærmare inn på skrivetekniske val, researcharbeid og vanskar som oppstod i skriveprosessane. Dette blir det siste Min metode-arrangementet. 


Agnes Ravatn (f. 1983) har skrive fem essaysamlingar og to romanar. Siste bok: Verda er ein skandale. Ei lita bok om livet på landet (Samlaget, 2017). Agnes Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

Marte Michelet (f. 1975) er journalist og sakprosaforfattar. 

Tidlegare arrangement i Min metode-serien: 
15. februar: Tore Rem i samtale med Hans Petter Blad.
16. mars: Bjørn Arild Ersland i samtale med Liv Guldbrandsen. 
10. mai: Åsne Seierstad i samtale med Cathrine Sandnes. 
13. september: Espen Søbye i samtale med Dag Solstad. 
6. desember: Toril Moi i samtale med Tore Rem. 
24. januar: Ane Farsethås i samtale med Bernhard Ellefsen. 
14. februar: Steffen Kverneland i samtale med Erle Marie Sørheim. 
1. mars: Agnete Øye i samtale med Per Qvale.
3. mai: Dag O. Hessen i samtale med Espen Stueland. 


Har du spørsmål? Ta kontakt med formidlingsansvarleg Kristine Isaksen, kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.

Tidligere arrangement: 19. september
Football Weekly LIVE // Rockefeller
Senere arrangement: 19. september
Naustet fortellerstund: Erik Fosland