I rapporten kjem det fram at rekruttering av gradstudentar krev store administrative ressursar på institusjonane, og at ei samordning av dette arbeidet er ønskeleg. Det er også tydeleg at institusjonane er meir opptekne av å rekruttere betre studentar enn å rekruttere fleire.
Vi har invitert statssekretær for forskning og høgre utdanning, Rebekka Borsch, prorektor ved UiO, Gro Bjørnerud Mo og rådgjevar ved Internasjonal seksjon på NTNU, Hege Gabrielsen Førsvoll til panelsamtale der dei skal drøfte følgjande: Ønskjer Noreg å prioritere arbeidet med å rekruttere internasjonale gradstudentar, og kva treng institusjonane i så fall for å få dette til?
Stad: Juridisk fakultet, UiO, Karl Johans gt. 47. Konferanserommet Kjerka, Domus Media Vest, 2. etg. Tid: Fredag 4. mai kl. 08.00–09.00. Frukost blir servert frå kl. 07.30.
Ikkje høve til å delta? Fortvil ikkje, møtet blir strømma - lenke kjem! Samle gjerne kollegaene dine som jobbar med desse områda til felles frukost foran skjermen denne morgonen. Fagleg påfyll og interessant debatt er ein fin måte å starte dagen på :)