Programmet vil likne mykje på det me tradisjonelt har dansa og formen vert i hovudsak lik. Programmet vert lagt ut her og på www.leikarringen.bul.noinnan 1.mai.
Me startar ved Egertorget kl. 09:00 og dansar oss opp Karl Johans gate til Slottet, før barnetoget, Garden og alle andre som i løpet dagen vil helsa på Majesteten. Dette gjer me for 46. gong i 2018 og me vil gjerne ha med så mange som muleg. Alle som er danseføre og som kan stilla i bunad, er velkomne, så hiv dykk med og innby alle de kjenner til å delta. Me ordner det slik at alle får ein høveleg dansepartner.
Om du vil vere med på feiringa saman med oss er det viktig at du melder frå til styret utover å trykke "deltek" på denne hendinga. Meld deg gjerne på tilAleksander Breiby Herseth, på Facebook-melding til Leikarringen i BUL Osloeller på e-post til leikarringen@bul.no.
Det er sett av to øvingar til førebuingar; tysdagane 8. og 15.mai kl. 19:30-21:30 i Teatersalen i Rosenkrantz' gate 8. Då kjem både musikarar og danseleiarar. Me ynskjer at så mange som muleg kjem på desse øvingane. Sei frå når du melder deg på om du ikkje har mulegheit til å vera med på begge øvingane.
Me gler oss til nok ei storstilt nasjonaldagsfeiring med Leikarringen!