Torsdag på Intimscenen kl. 20:10
Fredag på Taket kl.18:30
Torsdag på Klubbscenen NRK Folk:LAB kl. 17:30 - 19:30
Gro Kjelleberg Solli er aktuell med plata «Stien eg fann» (Ta:lik records 2018). Dette er hennar første soloalbum, men ho har tidlegare medverka på ei rekkje plater. Dette er også første gong med eigenskrive materiale i tillegg til tradisjonell folkemusikk og viser frå midt-Noreg.
Her kan du høyre setertonar, vuggande bånsullar, forteljande viser eller salmer i friske arrangement. Medmusikarar Øystein Sandbukt, Marit Aspås og Erik Fostervoll har ho samarbeidd lenge med, og dei får fram eit særeige uttrykk som kler musikken. Ei av hennar eigenskrivne viser, «Naboens gyngestol», er no lista i NRK Møre og Romsdal, og er den songen frå plata som har fått best tilbakemeldingar. No gler ho seg til å presentere musikken og medmusikarane for eit større publikum.
Velkomne til ein stemningsfull konsert med musikkuttrykket Gro fann.
Gro Kjelleberg Solli er:
Gro Kjelleberg Solli - vokal og lyre
Øystein Sandbukt - gitar
Marit Aspås - cello
Erik Oddmund Fostervoll - trøorgel
Kontaktinformasjon:
Gro Kjelleberg Solli
post@grokjellebergsolli.no
Web: http://grokjellebergsolli.no/
Foto: Marius Beck Dahle
___________________________________________________________________
Thursday Intimscenen 20:10
Friday Taket 18:30
Thursday Klubbscenen NRK Folk:LAB 17:30 - 19:30
Gro Kjelleberg Solli has just released a new album «Stien eg fann» - The Path I found – (Ta:lik records 2018). Although she has previously contributed on many other records, this is her first solo album, and also the first time she has added her own compositions to a mix of traditional folk music and folksongs from Mid-Norway.
Here you can hear a landscape of dairymaid melodies, lullabies, hymns and narrative songs, presented in fresh and original arrangements.
Gro has worked with fellow musicians Øystein Sandbukt, Marit Aspås and Erik Fostervoll over many years, to create a particular and evocative sound that suits the music well.
One of the compositions, «Naboens gyngestol» - The Neighbour’s Rocking Chair – is now on the playlist of the regional radio station NRK Møre & Romsdal and has had the best response of all the tracks on the album. Now Gro is looking forward to presenting the music – and her band – to a larger audience.
You are welcome to a very personal concert with a unique ambience!
Gro Kjelleberg Solli is:
Gro Kjelleberg Solli – vocals and lyre
Øystein Sandbukt – guitars
Marit Aspås – cello
Erik Oddmund Fostervoll – harmonium
Contactinformation:
Gro Kjelleberg Solli
post@grokjellebergsolli.no
Web: http://grokjellebergsolli.no/
Photo: Marius Beck Dahle