Tilbake til alle arrangementer

Direkte frå månen. Erik Tandberg og Anne Grosvold

  • Nasjonalbiblioteket Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway (kart)


Neste år er det femti år sidan mennesket tok sitt fyrste steg på månen. Ei heil verd fylgde med då Neil Armstrong og Buzz Aldrin i 1969 sprang i sakte film gjennom det grå månelandskapet. Den direktesende overføringa frå romskipet Apollo 11 skreiv seg også inn i norsk fjernsynshistorie, og har blitt kalla århundrets TV-sending. 

Romfartseksperten Erik Tandberg blei vår mann på månen, som kunnskapsrik kommentator til fjernsynssendinga i 1969 og i alle påfølgjande år, og har bidrege meir enn nokon til å føre verdsrommet inn i norske stover og barnerom. Tandberg møter nå Anne Grosvold til samtale om dei femti åra som har gått sidan månelandinga, og om korleis den direktesende hendinga forma ei heil verd.


ARRANGEMENTET ER DEL AV SATSINGA «FANTASTISKE FREMTIDER»
I ei verd som til forveksling liknar fortidas science fiction, vil Nasjonalbiblioteket det neste halve året tematisere og diskutere førestillingane om dei fantastiske framtidene, både frå fortida og frå vår eiga samtid. Dei fantastiske forteljingane si historie i Noreg blir trekte opp i ei stor science fiction-utstilling, og gjennom eit omfattande program med publikumsarrangement og fagseminar blir framtidsvisjonar i kulturhistoria og vitskapen diskutert. Saman med Stanford University Library arrangerer Nasjonalbiblioteket i desember den fyrste internasjonale konferansen om kunstig intelligens og maskinlæring i biblioteksektoren. 

Les meir på nb.no: https://www.nb.no/artikler/fantastiske-fremtider/

HUGS AT DU KAN SIKRE DEG GRATISBILLETTAR TIL NASJONALBIBLIOTEKETS ARRANGEMENT. SJÅ BILLETTLENKJE.

Tidligere arrangement: 28. november
Sly & Robbie meet Nils Petter Molvær // Rockefeller
Senere arrangement: 28. november
Langturforedrag: Rundt hele Amerika med Lady Free