Vi er i eit framtidig Noreg. Apokalypsen har funne stad, vatnet er forgifta, og sivilisasjonen har brote saman. Gjennom dette dystre landskapet vandrar to skapningar som er like mistenksame i høve til kvarandre som dei er i høve til dei svikefulle omgjevnadene.
Morgenrøde (70 min. Anders Elsrud Hultgreen, 2014).
Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film» som er del av «Fantastiske fremtider», les meir på nb.no: https://www.nb.no/artikler/fantastiske-fremtider/
SIDEBLIKK PÅ SIVILISASJONEN – SCIENCE FICTION I NORSK FILM
Korleis har framtida sett ut i norsk filmhistorie? Flygande tallerkar over Oslo, kyborgar på brusfabrikkar og dystopiske framtidsvisjonar om ei overfolka verd er noko av det ein kan få med seg på Nasjonalbibliotekets filmprogram denne hausten. Under «Fantastiske fremtider» syner Nasjonalbiblioteket eit utval av norsk science fiction-film, frå studentfilmar på lågbudsjett til påkosta spelefilmar, som har fanga fortidas framtider på lerretet frå 1956 til i dag.
16. november: Spelefilm: Kvinnens plass
19. november: Kortfilmar: A(r)men, Ufødt, Tørt og kjølig, Bak lukkede dører, Sniffer
20. november: Spelefilm: Morgenrøde
21. November: Kortfilmar: Rulletrappen, The Factory, Alien Repair Guy, Alle fugler, Mira
22. november: Kortfilmar: Oblidor, Tellus 1000, Tunellen, Omplassering, 2023
23. november: Spelefilm: Den brysomme mannen
27. november: Kortfilmar: Back to Sáivu, A Tale of Harvest, Glassballen, The Final Frontier
28. november: «Science fiction» på NRK: «Sorte var de – med gullskimrende øyne» og «Med rett til å drepe»
30. november: Spelefilm: Sweetwater