A(r)men: Arne mister ein arm i ei ulykke, men mirakuløst nok veks ein ny arm ut. Den nye armen har eigen vilje og makt. (Kortfilm, 15 min. Thomas Lunde, 2013).
Ufødt / The Unborn Identity: Har du nokon gong lura på kvifor du blei fødd? Kvifor dette kjønn, kvifor med denne utsjånaden, kvifor på denne staden? (Kortfilm/studentarbeid 13 min. Henrik Horgen, 2010).
Tørt og kjølig: Vi møter ein mann som er ekspert i å preservere forbrytarar og vanskelegstilte menneske for framtida. Men kven skal eigentleg frysetørkast og arkiverast, for om mogleg å gjenopplivast seinare? (Kortfilm, 12 min. Kristoffer Joner, 2008).
Bak lukkede dører: Ein skremmande framtidsvisjon om å ende i koma. (Kortfilm, 13 min. Aleksander L. Nordaas, 2008).
Sniffer: Filmen handlar om eit samfunn der alle kan sveve, men dei blir haldne nede av reglane i samfunnet, som ikkje tillét at folk svevar. Yrket til hovudpersonen Douglas er å sniffe menn i armholene for å teste deodorantar. Ein dag får han nok av arbeidet, trassar overmakta og vågar seg ut i det ukjende. Filmen vann Gullpalma for beste kortfilm i Cannes. (Kortfilm, 10 min. Bobbie Peers, 2006).
Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film» som er del av «Fantastiske fremtider», les meir på nb.no: https://www.nb.no/artikler/fantastiske-fremtider/
SIDEBLIKK PÅ SIVILISASJONEN – SCIENCE FICTION I NORSK FILM
Korleis har framtida sett ut i norsk filmhistorie? Flygande tallerkar over Oslo, kyborgar på brusfabrikkar og dystopiske framtidsvisjonar om ei overfolka verd er noko av det ein kan få med seg på Nasjonalbibliotekets filmprogram denne hausten. Under «Fantastiske fremtider» syner Nasjonalbiblioteket eit utval av norsk science fiction-film, frå studentfilmar på lågbudsjett til påkosta spelefilmar, som har fanga fortidas framtider på lerretet frå 1956 til i dag.
16. november: Spelefilm: Kvinnens plass
19. november: Kortfilmar: A(r)men, Ufødt, Tørt og kjølig, Bak lukkede dører, Sniffer
20. november: Spelefilm: Morgenrøde
21. November: Kortfilmar: Rulletrappen, The Factory, Alien Repair Guy, Alle fugler, Mira
22. november: Kortfilmar: Oblidor, Tellus 1000, Tunellen, Omplassering, 2023
23. november: Spelefilm: Den brysomme mannen
27. november: Kortfilmar: Back to Sáivu, A Tale of Harvest, Glassballen, The Final Frontier
28. november: «Science fiction» på NRK: «Sorte var de – med gullskimrende øyne» og «Med rett til å drepe»
30. november: Spelefilm: Sweetwater