Tilbake til alle arrangementer

Beethoven på 123 – Fest med Beethoven

  • Nynorskens hus Rosenkrantz´ gate 8, 0159 Oslo, Norway (kart)

Dette arrangementet er er ein del av festivalen «Beethoven på 123» – arrangert av Engegårdkvartetten og Nynorskens hus.

Fest med Beethoven er eit arrangement der ulike kulturar og uttrykk møtest. Wien på 16–1700-talet var prega av innflytting frå Midt-Austen og Asia, og kunst og tradisjonskultur frå desse områda var sterkt til stades i hovudstaden, slik den også er i Oslo i dag. Wien var ein smeltedigel og ein kunsthovudstad i mange tiår, og «songen» frå tradisjonskultur danna klangbotn for Beethoven som kjem til uttrykk i komposisjonane. 


I samarbeid med Vegar Vårdal og Shwan Wahed iscenesét vi folkelivet og ur klangane og gir møte mellom desse og Beethoven. Gjennom lyrikk, musikk, at Ode til Joy blir allsong, kan publikum lære tyrkisk, norsk og irakisk folkedans og slik få djupare eigarskap til Beethoven og til dei ressursane som finst i landet i dag og som Beethovens kunstnarskap vaks fram av.

Programmet for Fest med Beethoven er:

Heiliger Dankgesang frå Strykekvartett Opus 132 i a-moll med Engegårdkvartetten

Songsyklus Opus 52 med Thorbjørn Gulbrandsøy og Tor Espen Aspaas

Folkedans, lyrikk og song i ånda «Til Gleda» frå Opus 125, 9. symfoni med Shwan Wahed, Vegar Vårdal, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester og andre musikarar på festivalen.

Tidligere arrangement: 17. november
Markus - drama på majorstuen
Senere arrangement: 17. november
Mortified Oslo