I ti år har monologkurs vore del av programmet til Norsk Skuespillersenter. Vi elskar å forske i kva einetale kan vere, både når det gjeld type tekst, sjanger og uttrykk.
Regissør Fridtjov Såheim har jobba i lag med skodespelarane om å finne og dyrke dei teknikkane som funkar best for den enkelte. Monologbonanza er ei arbeidsvisnig der modige skodespelarar viser fram kva dei har jobba fram under monologkurset.
Med:
Tonje Thwin
Maiken Schjøll Frisch
Tina Opsahl Hansen
Karine Dokken
Kirsti Løvås
Anne Wiig
Eline Øverby
Karoline Bentzen
Sigrid Eriksen
Bikuben er den fjerde scenen på Det Norske Teatret! Fredagar kl. 22.30 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open til 01.30 og sjølve opplegget varer ca. 1 time.
Cc: 100,-
Du kan kjøpe billettar i døra eller på detnorsketeatret.no!