Universitetsbiblioteket i Oslo fungerte som nasjonalbibliotek frå 1814 og fram til 1989. Her var Axel Charlot Drolsum leiar i heile 46 år, og i løpet av desse åra vart dei nasjonale bibliotekoppgåvene lovfesta og institusjonaliserte.
Med utrøytteleg innsats plasserte Drolsum dei nasjonale biblioteksoppgåvene som eit element i samtidas nasjonsbygging.
Johan Henden er forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Han leverte i 2017 avhandlingen «Det er ikke alene et Universitets-, men ogsaa et Nationalbibliothek. Axel Charlot Drolsum i Universitetsbiblioteket 1870–1922».