For akkurat eit år sidan starta Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen å gjendikte Claudia Rankines Citizen til nynorsk. Det var ikkje eit lite arbeid dei skulle starte med, men rett og slett å gjendikte det som av mange har blitt omtalt som 2000-talets viktigaste diktbok, ei diktbok som set ord på korleis det er å vere medborgar som svart kropp i USA i vår tid. Ein New York Times bestseljar, nominert til National Book Award både i sjangeren dikt og kritikk (den vann prisen for dikt), i tillegg til ei rekke andre prisar og nominasjonar, mellom dei Los Angeles Times Book Prize, Pen Center Poetry Award og NAACP Image Award for Outstanding Literary Work in Poetry.
Og no skulle boka bli gjendikta til nynorsk. Kristina reiste til Stockholm der Camara budde. Det var ganske så spanande, for før Kristina kom på besøk for å arbeide med Camara, hadde dei berre treft kvarandre to gongar. Og no skulle dei dele køyeseng og gjendikte ei heil bok saman. Det gjekk heldigvis bra, dei blei perlevenner, og boka blei ferdig.
Og det vil vil gjerne feire med dykk no! Gjendiktinga har fått namnet "Medborgar" og kjem i desse dagar ut på Samlaget.
Vi har fått låne Khartoum for kvelden, og gler oss til å vise fram boka, drikke og danse med alle Oslos beste. Vi har invitert nokre av av dei finaste og smartaste folka vi veit om, som har fått velje sine favorittpassasjar frå boka, som dei vil lese for oss. Etterpå dansar vi!
Opplesingsstafett med:
Nina Bahar
Hasti Hamidii
Mohamed Abdi
Lara Okafor
Samah Hassen
Camara Lundestad Joof
Kristina Leganger Iversen
Om Claudia Rankine:
Claudia Rankine (f. 1963, Kingston Jamaica) er poet, essayist, dramatikar og forfattar. Ho er professor i poesi på Yale University, og mottakar av McArthur Genius Grant.
Om gjendiktarane:
Camara Lundestad Joof (f.1988) er dramatikar, scenekunstnar og forfattar. Ho er husdramatikar på Dramatikkens hus, og gav i juni boka "Eg snakkar om det heile tida", på Det Norske Samlaget.
Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er litteraturvitar og forfattar. Ho forsvarte i mars avhandlinga si om kvitheit og rasialisering i skandinavisk samtidspoesi.