Det er en glede å få kunne invitere til kurskveld med den dyktige kunstneren Heidi Bjørnsdotter Thorvik som driver http://www.xn--vlt-0na.no/
"Materialet er der, ein må berre tenkje på alt ein kan bruke det til. Å ”vøle” er å reparere eller lage noko nytt av det som alt finst. Denne lærdommen er det eg har tatt med meg i det eg lagar-eller "vøler.""
PRIS: 500,-
PÅMELDING: Du er påmeldt når kursavgift er betalt til Vippsnr: 520870 (Jord AS). Påmelding er bindende
OM KURSET
Teknikken FRITT BRODERI vert også kalla "å tegne med nål og tråd". I prinsippet går det ut på å frigjere seg frå det ein tenker på som tradisjonelt broderi. Ein kan bruke tradisjonelle sting på ein friare måte, eller ein kan legge dei heilt bort, og berre stikke nåla fritt opp og ned gjennom stoffet. Her er ingen reglar, og teknikken passar difor på alle nivå.
Du vil få innføring i tekstbroderi, å "tegne" på frihand, å "tegne" etter ei tegning og å fylle flater. Eg vil også lære deg ulike stingtypar, og korleis du på ulike måtar kan montere eit broderiarbeid. Eg er glad i å brodere tegningar laga av mine barn. Ta gjerne med ei favoritttegning, om du har lyst til å prøve dette. Det kan også sjølvsagt vere ei tegning laga av vaksne. Du vil elles få inspirasjon og idear på kurset. Du må ta med stoff du vil brodere på. Lin og bomull er fint. Gamle laken er supert. Har du synåler og broderiutstyr kan du ta det med. Om du ikkje har tek eg med det du treng av utstyr til utlån.
Velkommen!